Frå prat til handling

Bli med og skap handlingsrommet

Deling av erfaringar, gode døme, rammeverk og inspirasjon for kommunar som ynskjer å skape si eiga framtid.

Podcast

Lytt til podcasten Samfunnsoppdraget

Samtalar med kloke folk som har ulike perspektiv på korleis ein best kan bidra til kommunane sitt samfunnsoppdrag.

Episode 912. november 20261 t 1 min

Erlend Grimeland og Elias Bjørnson Olderbakk - Ei alternativ rute

Erlend Grimeland og Elias Bjørnson Olderbakk meiner kommunen får vite meir når det er like lett å seie meininga si som å vippse. Dei er designarar og starta Travers i 2020, rett etter studia på AHO. I samtalen fortel dei korleis dei arbeider tett på dei det gjeld, og korleis verktøyet Aula voks fram frå masteroppgåva deira. Dei fortel òg om eit byromsprosjekt i Ålesund, der det kom over 300 innspel via QR-kodar og berre 3 prosent var negative. Les artikkelen: https://www.kommunalsektor.no/artiklar/like-lett-som-a-vippse

Episode 88. november 202638 min

Bjarte Reve - Frå sjukefråvær til leiing på tvers

Bjarte Reve meiner sjukefråvær og samarbeid på tvers må inn i den daglege arbeidsmåten i kommunen. Han er kommunedirektør i Hemsedal, ein distriktskommune i vekst med 2 738 innbyggjarar og opp mot 30 000 menneske i bygda ei god vinterhelg. I samtalen fortel han korleis kommunen fekk sjukefråværet ned frå over 11 prosent, med arbeidsmiljøet som inngang og «leiar før legar» som slagord. Han fortel òg om arbeidet med å få helse og oppvekst til å stå saman rundt barn og unge som treng det. Les artikkelen: https://www.kommunalsektor.no/artiklar/leiar-for-legar

Episode 71. november 202634 min

Trude Andresen - Utvikle seg ut, ikkje kutte seg ut

Trude Andresen meiner kommunane må utvikle seg ut av utfordringane som kjem. Ho har vore kommunedirektør i Øvre Eiker, Indre Østfold og Drammen, og har arbeidd tolv år i KS. I samtalen fortel ho om mellomleiarane som omset retninga frå toppen til ein kvardag folk kan gjere noko med, og om kvifor ho har sagt til leiarane sine at det er heilskapen som tel i budsjettet. Ho deler òg dei tre dilemmaa ho meiner er vanskelegast for kommunane no: langsiktigheit, mot og kompromiss. Les artikkelen «Me må utvikle oss ut av utfordringane» på KommunalSektor.no.

Episode 621. oktober 202655 min

Svein Gunnar Kjøde - Sjå systemet før du løyser problemet

Når nokon i ein kommune vil prøve noko nytt, må dei greie ut risikoen. Svein Gunnar Kjøde meiner same kravet bør gjelde for å halde fram som før. Svein Gunnar er seniorrådgjevar i Doga, i avdelinga for offentlege system og tenester. Han er utdanna industridesignar og har ein doktorgrad om systemendring. I samtalen fortel han korleis endring på systemnivå kan starte med ei lita gruppe som spør: Må det vere slik, eller har me valt det? Han meiner kunnskapen ofte finst hos dei som står nærast oppgåvene, og at forsøkslova burde bli eit mandat om tid til forsøk i kommunane. Les artikkelen «Kva kostar det å halde fram som før?» på KommunalSektor.no.

Episode 514. oktober 202634 min

Mette Aagaard - Medleiing: når makt og mandat blir delt på ordentleg

Mette Aagaard har arbeidd med medleiing i ti år, mellom anna som utviklingssjef i Slagelse kommune, og har skrive boka «Medledelse – Når teamet er chef». I dag er ho konsulent i Agora. I denne samtalen fortel ho kva som skjer når makt og mandat blir delt på ordentleg: kva som skjer med leiaren, kvifor dei tillitsvalde må vere med frå start, og kvifor det er det eksisterande hierarkiet som må endre hierarkiet. Undervegs høyrer du korleis Børns Vilkår, Roskilde Festival og ein stor dansk utdanningsinstitusjon har gått fram. Mette snakkar dansk. Les artikkelen «Det er hierarkiet som må endre hierarkiet» på KommunalSektor.no.

Episode 417. september 202636 min

Agnar Kaarbø og Jakob Blom - Det er håp for kommunane

Agnar Kaarbø og Jakob Blom driv podcasten Kontrollutvalget i regi av Kommunal Rapport. Få - om nokon - kjenner kommunsektoren like godt som desse to, og dei har i tillegg lukkast med å gjere kommunestoff engasjerande, interessant og spennande. I denne samtalen spør me dei om kva dei trur om dei mange utfordringane som vert diskutert rundt kommunal sektor, om NOU-ar, lokalpolitikk, krysspress og demokratiet i stort. Og til slutt: litt om det som gir håp og framtidstru. Det skal godt gjerast å ikkje lære noko her. Les meir om episoden på KommunalSektor.no, og lytt til Kontrollutvalet der du høyrer på podcast.

Episode 326. august 20261 t 2 min

Andreas Wettre - Å leie det du ikkje kan styre

Andreas Wettre leier Executive Master Systems Oriented Design ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, og har vore involvert i organisasjons- og leiarutvikling lenge: leiar i tekniske bedrifter, konsulent på leiargrupper og tverrfaglege team, og no systemorientert design. Denne praten handlar om kva som skjer med leiing når problema er samanvevde og ingen sit med heile svaret – og kva kommunar kan gjere med det i ein hektisk kvardag. Les meir om episoden på KommunalSektor.no

Episode 229. juni 202650 min

Øyvind Henriksen - Nordre Follo ventar ikkje, dei skapar si eiga framtid

Dei fleste i kommune-Norge veit allereie kva som kjem. Fleire eldre, færre hender og budsjett som ikkje strekk til. Problemforståinga er på plass nesten overalt. Det som manglar er handling. Nordre Follo er ein av kommunane som gjer ganske mykje. Og det dei gjer, er ikkje å skrive endå ein strategi, men å prøve – i vanleg drift, i liten skala, saman med dei som vil – og så dele det dei lærer med kvarandre. Lærdomen er enklare enn ein skulle tru: begynn med noko konkret, og lær av dei som har gått føre. Les meir her: Nordre Follo planlegg seg ikkje ut av framtida. Dei prøver seg fram — KommunalSektor

Korleis komme i gang?

Finn inspirasjon i dei seks grunnleggjande stega for å kome i gang med endring som skapar tillit og fart.

1

Forstå situasjonen no og avklare forventningar

Aktivitetar

  • Eit blikk på verda slik den ser ut for gruppa i dag: Kva må takast vare på, og kva problem hadde det verkeleg vore verdt å løyse?
  • Ein introduksjon til rammene og metoden: korleis ein jobbar i praksis
  • Skildring av stega og arbeidsmåten, og kva ein kan rekne med å oppleve, både det gode og det krevjande
  • Forventningsavklaring: mål og resultat, og korleis suksess ser ut for gruppa
  • Tilpasse vidare opplegg og avgrense mandatet til noko som kan løysast raskt

Fast i alle treffpunkt

  • Definere heilt konkret kva som skal gjennomførast til neste gong
  • Digital oppfølging mellom dei fysiske møta
  • Alle økter startar med å oppsummere og hente ut læring frå det som har skjedd sidan sist
  • Spørje om læringa bør få konsekvensar for vidare skalering

Di før de kjem i gang, di før ser de effekt

  • Betre ressursbruk: meir kommune for pengane
  • Betre trivsel: ein meir attraktiv arbeidsplass
  • Betre produkt og tenester: merkbart for innbyggjarane
  • Betre samhandling: på tvers av einingar og fag
  • Raskare tempo: frå prat til handling

Ta kontakt

Er du nysgjerrig på korleis dette kan sjå ut i din kommune? Eller har du erfaringar du vil dele? Me høyrer gjerne frå deg.

post@kommunalsektor.no

Selseng & Systaddal AS

Helle Selseng · Joakim Systaddal

Sogndal, Noreg