12. november 2026
Like lett som å vippse
Då eit byromsprosjekt i Ålesund kom på NRK for strid, sjekka Erlend Grimeland og Elias Bjørnson Olderbakk kva folk hadde skrive via QR-kodane i byen. Over 300 hadde svart. Berre 3 prosent av innspela var negative. Av Helle Selseng og Joakim Systaddal
Erlend og Elias driv designselskapet Travers. Dei starta i 2020, rett etter studia på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). Namnet har dei frå klatring, der ein travers er å gå sidelengs i fjellet og velje ei alternativ rute. Det dei ville arbeide med, var det få andre som dreiv med. Difor starta dei for seg sjølve.
Me har jobba saman med dei sidan Sogndal kommune laga ny digitaliseringsstrategi i 2020. I Samfunnsoppdraget fortel dei korleis designfaget kan gjere kommunen lettare å bruke, og kvifor dei har bygd eit eige verktøy for å høyre kva innbyggjarane meiner.
Femåringen bestemmer
Første studieåret laga klassen spisebestikk. Det var barnehageborn som kåra det beste. Det har blitt ein arbeidsmåte for Erlend og Elias: Dei som skal bruke noko, avgjer om det verkar. Eit prosjekt kan vere godt fagleg forankra og likevel krasje.
Sjølve skildrar dei arbeidsmåten med orda saman, strukturert og konkret. Er ti personar med i eit prosjekt, intervjuar dei alle ti, ein og ein, og spør gjerne kva prosjektet eigentleg handlar om. Då dukkar det ofte opp mykje som ikkje kom med i prosjektskildringa. Undervegs held dei styr på kvar gruppa er, frå å forstå problemet til å teste løysingar. Og dei teiknar og lagar prototypar, så folk ser korleis noko blir.
Det appane har vist
Dei store teknologiselskapa har brukt år på å gjere tenestene sine så lette at folk brukar dei heile dagen. Erlend og Elias vil bruke dei same prinsippa der det betyr meir, som i kontakten med Nav og i lokaldemokratiet. Teknisk er det ikkje vanskeleg, meiner dei.
Bak ligg eit syn på innbyggjaren som ein ressurs med både plikter og rettar. Folk har kunnskap og erfaring som dei gjerne deler når nokon spør.
Lappar på golvet
Til folkemøte kjem ofte mange eldre som har tid til å møte opp, og berre nokre få får ordet. Workshopane endar med lappar og handskrift som nokon skal tyde etterpå. Erlend og Elias har eit eige namn på kjensla dagen etter: workshop-bakrus.
Me kjenner det godt. I Sogndal hadde me minst hundre designøkter, med lappar og plakatar på veggane. Berre å dokumentere dei var ein stor jobb.
Aula
Svaret frå Travers er Aula, ein plattform for kvalitativ innsikt. Med den kan ein kommune forstå kva mange menneske meiner om noko. Ideen kom frå masteroppgåva, der Erlend og Elias teikna ein tenkt «Betakommune» med digitale verktøy for lokaldemokrati og nærmiljø. Sidan har dei prøvd ut verktøyet i titals prosjekt.
– Er det like lett å delta som å vippse, vil folk gjerne vere med.
Bak verktøyet ligg tanken om kollektiv intelligens frå den franske filosofen Pierre Lévy. Når alle som bur ein stad får seie kva dei meiner, får ein kunnskap som ingen ekspert har åleine. Draumen er at kommunen spør ofte. I dag sender kommunen gjerne ut ei lang undersøking kanskje éin gong i tiåret.
Over 300 innspel i Ålesund
I eit byromsprosjekt i Ålesund sette Travers opp QR-kodar ved fire installasjonar. Eit par månader seinare melde NRK at prosjektet skapte strid. Då sjekka dei kva som hadde kome inn. Det var over 300 innspel, og 3 prosent var negative. Resten var konstruktive, som at ryggen på benkane burde vere høgare. Ein elev på musikklinja skreiv at staden hadde god akustikk, og tilbaud seg å halde konsert der.
Samfunnsplanen som nettside
Erlend og Elias meiner kommunane bør bruke samfunnsdelen meir aktivt, som eit oversyn over kvar eit nytt prosjekt høyrer heime. Kvar passar til dømes ein ny sentrumsstrategi inn?
I Sogndal vart samfunnsplanen ei nettside som var lett å finne og lett å dele. Det merka me. Når kommunen ville endre noko ved ein skule eller i budsjettet, møtte innbyggjarane opp med sitat frå planen. Kommunen hadde sagt at den skulle vere best på oppvekst. Korleis heng endringa saman med det? Ein plan som folk les, gjer det lettare å halde kommunen til orda sine.
Når prosjektet skal leve vidare
Travers er ikkje sjefen i organisasjonane dei jobbar for. Eit prosjekt lever vidare når organisasjonen sjølv tek det vidare, og det er Sogndal god på, meiner dei. Kva det kostar å la vere, har me skrive om i «Kva kostar det å halde fram som før?».
Dei peikar òg på innkjøpsmakta til det offentlege. Då Travers var nye, konkurrerte dei med fire andre om eit oppdrag i Randaberg. No kan det kome 34 søkjarar på eit lite oppdrag. Med innkjøpa sine kan det offentlege sleppe til nye miljø og nye måtar å arbeide på.
I episoden fortel Erlend og Elias meir om Aula, og om kva dei gjer med eit ord som «design», som mange misforstår.
Høyr samtalen med Erlend og Elias i Samfunnsoppdraget på KommunalSektor.no, Spotify eller Apple Podcasts.
Om Erlend Grimeland og Elias Bjørnson Olderbakk
Erlend Grimeland og Elias Bjørnson Olderbakk er designarar og partnarar i Travers, som dei starta i 2020 etter masterstudiet ved AHO. Dei har utvikla verktøyet Aula og underviser òg ved AHO.
Om Selseng & Systaddal
Selseng & Systaddal står bak podcasten Samfunnsoppdraget og nettstaden KommunalSektor.no for å bidra til meir deling og læring mellom kommunane. Elles hjelper me kommunar og offentlege verksemder med å byggje styringssystem og organisasjonsformer som svarar på det verkelege oppdraget. Me har sjølv arbeidd med medleiing og styring i praksis i Sogndal kommune.
Ta kontakt dersom de vil lære meir: selsengsystaddal.no
Kjelder: Samtalen med Erlend Grimeland og Elias Bjørnson Olderbakk i Samfunnsoppdraget, spelt inn 20. mai 2026.
