Denne sida er laga for å dele. Bak innhaldet står Selseng & Systaddal AS, det vil seie Helle Selseng og Joakim Systaddal. Me har sjølve stått i dei kommunale problema me skriv om, og kjent den kommunale kvardagen på kroppen.
Frå starten av 2023 til utgangen av 2025 koordinerte me endringsarbeidet i Sogndal kommune. Me utvikla nye styringssystem og strukturar saman med nasjonale og regionale fagmiljø, delte erfaringar og hjelpte andre organisasjonar i gang med det same.
No vil me dele det me har lært, slik at andre kan bruke erfaringane våre. Me har også laga eit digitalt fellesskap der folk kan dele med kvarandre. Offentleg sektor treng meir deling av praktiske erfaringar, og me skulle gjerne hatt ei slik side sjølve då me starta.
Alt du finn på denne sida, er fritt fram å bruke. Me håpar det får nokon til å ta det steget som var viktigast for oss: å berre begynne.
Vil du ha hjelp frå oss, så ta kontakt.
Me vart kjende med Travers då dei hjelpte til med digitaliseringsstrategien. Sidan har dei vore med kvar gong me har trunge hjelp til å løyse vanskelege flokar. Travers er guruar på designtenking brukt på verkelege utfordringar, og dei er like opptekne av gode kommunar og lokalsamfunn som me er. Dei bryr seg om at innbyggjarane i alle kommunar skal få litt betre tenester. Og så er dei veldig kjekke å jobbe saman med.
Bjarte Bogsnes er sjeldan vare. Han har brukt dei siste 30 åra på å lirke små og store organisasjonar i ein meir menneskeleg og smidig retning. Me fann Bjarte då me leita etter ein annan styringslogikk, ein der systema folk må forhalde seg til, samsvarar med den åtferda ein seier at ein vil ha. Som ein av dei som skapte Beyond Budgeting, har Bjarte vist at det faktisk går an å gjere noko anna. Med toppleiarerfaring frå store multinasjonale selskap, og som rådgjevar for hundrevis av private og offentlege verksemder, har han vore borti det meste. Og han snakkar eit jordnært og praktisk språk, heilt i kommunal ånd.
Det kan sjå ut som Danmark alltid ligg litt føre Noreg i utviklinga av offentleg sektor. Nye arbeids- og organiseringsformer var lite utbreidde i norsk kommunal sektor, medan danskane har prøvd ut meir og over lengre tid. For oss har det vore uvurderleg at tre av dei som kan mest om dette, har villa hjelpe oss med å gjere noko i norsk samanheng. Helge, Tobias og Michael er kunnskapsrike og flinke, og dei er fine folk å jobbe saman med som gjerne vil hjelpe.
Doga har eit nasjonalt mandat for å fremje design og arkitektur, og har hjelpt oss heile vegen. Dei har utvikla og delt verktøy, invitert til samlingar der me har delt og lært, og svart på små og store spørsmål. Designtenking handlar om meir enn fysiske og digitale produkt. Det er ein måte å tenkje på. Doga kan både breidda og djupna i korleis design blir brukt i praksis, og me meiner mange fleire burde bruke dei.
Alle kommunar er medlemmar i KS, og det gir KS innsikt i den kommunale kvardagen som få andre har. Me møter ofte kommunetilsette som blir overraska over kor mykje KS gjer for å spele kommunane gode. Erfaringa vår er at kommunane kunne brukt KS mykje meir enn dei gjer i dag. Me har funne svar på mykje der, og fått hjelp og sparring til endå meir.
Trass i alle mediesakene der kommunane irriterer seg over vedtaka til statsforvaltaren, har statsforvaltaren ein velfortent plass på denne lista. Når me har utforska problem og moglegheiter i grenseflata mellom forvaltningsnivåa, eller leita etter nye måtar å praktisere lovverket på, har statsforvaltaren vore ein klok og kunnskapsrik sparringspartnar. Rådet vårt: snakk med dei.