Del og lær

Bli med i fellesskapet

Eit praksisfellesskap for alle som vil utvikle kommunal sektor innanfrå. Her deler du erfaringar, lærer av andre og finn verktøy og tips som hjelper kommunane frå prat til handling. Det er gratis.

Fem rom, éin stad å dele

Fellesskapet heiter Handlingsrommet og har fem rom, slik at det er lett å finne fram til det du treng.

Start her

Kva fellesskapet er, og eitt første steg du kan ta med ein gong.

Kva prøver du å få til?

Fortel kva du står i akkurat no, og få hjelp av folk som har stått i noko liknande.

Grep som verka

Praksis frå folk som gjer jobben: situasjonen, grepet, fallgruva og spørsmålet du sit att med.

Verktøykassa

Diagnosespørsmåla, kapasitetskorta, opptak og malar du kan ta rett inn i neste møte.

Fredagsøkta

Ei samling annakvar veke. Møt folk som vil det same.

Klar for å dele?

Fellesskapet er ope for alle som vil gjere organisasjonen sin betre. Tyngdepunktet er kommunalt, men private og andre er velkomne. Bli med, eller ta kontakt om du vil høyre meir først.

Bli medlem