Personvernerklæring

Kort fortalt

  • Selseng & Systaddal AS er ansvarleg for personopplysningane me samlar inn på kommunalsektor.no, selsengsystaddal.no og i arbeidet vårt elles.
  • Me brukar opplysningane til å svare deg, levere oppdrag, lage podkastar og sende nyheitsbrev du har bede om. Me sel dei ikkje.
  • Statistikken på nettsidene brukar ingen informasjonskapslar. HubSpot på selsengsystaddal.no blir berre lasta om du seier ja.
  • Du kan få innsyn, få retta eller sletta opplysningar og trekkje tilbake samtykke. Skriv til hei@selsengsystaddal.no.

Kven som er ansvarleg

Selseng & Systaddal AS, org.nr. 937 344 597, Bentsebrugata 27B, 0469 Oslo, er behandlingsansvarleg. Helle Selseng er kontaktperson for personvern. Du når oss på hei@selsengsystaddal.no.

Me har ikkje personvernombod. Lova krev det ikkje for ei verksemd som vår, og me har dokumentert den vurderinga.

Kva me behandlar, og kvifor

Når du tek kontakt med oss

Skriv du til oss i skjemaet, på e-post eller bookar ein prat, får me namnet ditt, e-postadressa, eventuelt telefonnummer og det du skriv. Me brukar det til å svare deg og følgje opp samtalen. Grunnlaget er vår berettiga interesse i å svare på førespurnader, eller at du ber om eit tilbod (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f og b). Me slettar opplysningane to år etter siste kontakt, med mindre du blir kunde.

Kundar og samarbeidspartnarar

For kontaktpersonar hos kundar og partnarar lagrar me namn, rolle, kontaktinformasjon og dialogen med oss. Grunnlaget er avtalen og vår berettiga interesse i å følgje opp kundeforholdet. Me slettar opplysningane tre år etter at kundeforholdet er slutt. Fakturaer og bilag tek me vare på i fem år etter utgangen av rekneskapsåret, fordi bokføringslova krev det.

Arbeidsrom for kundane våre

I Kunderommet og andre arbeidsrom behandlar me opplysningar på vegner av kunden. Då er kunden behandlingsansvarleg, og me er databehandlar etter ein databehandlaravtale. Har du spørsmål om opplysningar der, kan du kontakte arbeidsgjevaren din eller oss. Kva som blir lagra i Kunderommet, står på rom.selsengsystaddal.no/personvern.

Podkastar og gjestar

Er du gjest i ein av podkastane våre, behandlar me namn, rolle, stemme, eventuelt bilete og video, og korrespondansen med deg. Me førebur samtalen ut frå det du og organisasjonen din har gjort offentleg. Det byggjer på vår berettiga interesse i å førebu gode samtalar (artikkel 6 nr. 1 bokstav f).

Opptak og publisering byggjer på samtykket ditt (artikkel 6 nr. 1 bokstav a). Du samtykkjer når du godkjenner episoden i Lytterommet eller på e-post, og me tek vare på godkjenninga saman med episoden. Du kan trekkje samtykket tilbake når som helst ved å skrive til oss. Då tek me episoden ned frå kanalane våre og ber plattformene fjerne den. Kopiar som andre alt har lasta ned, kan me ikkje fjerne. Publiserte episodar ligg elles ute så lenge podkasten finst. Råopptak og førebuinga slettar me tolv månader etter at episoden er publisert.

Nyheitsbrev og fellesskapet Handlingsrommet

Melder du deg på nyheitsbrevet eller fellesskapet Handlingsrommet, behandlar me e-postadressa og namnet ditt fordi du har samtykt. Du kan melde deg av når du vil, med lenkja i kvar e-post eller ved å skrive til oss.

Besøk på nettsidene

Me tel besøk med ein eigen teljar som ikkje lagrar noko i nettlesaren din. Han sender kva side du ser på og kva side du kom frå. Vercel Web Analytics gir oss same slags samla tal, òg utan informasjonskapslar. Grunnlaget er vår berettiga interesse i å vite kva innhald som blir lese. Me brukar tala berre samla.

Må du gi oss opplysningar?

Nei. Men utan kontaktinformasjon kan me ikkje svare deg, og utan e-postadresse kan me ikkje sende deg nyheitsbrev. Me tek ingen automatiserte avgjerder om deg, og me lagar ikkje profilar.

Informasjonskapslar

kommunalsektor.no brukar ingen informasjonskapslar som krev samtykke. På selsengsystaddal.no spør me før me lastar HubSpot, som hjelper oss å forstå korleis sida blir brukt og å kople besøk til førespurnader du sjølv sender oss.

NamnKvenKva den gjerVarer
ss-consentSelseng & SystaddalHugsar valet ditt om informasjonskapslar. Lagra i nettlesaren, nødvendig.Til du slettar den
__hstc, hubspotutkHubSpotKjenner att nettlesaren din mellom besøk. Berre med samtykke.6 månader
__hssc, __hssrcHubSpotHeld styr på økta. Berre med samtykke.30 minutt / økta

Opnar du kalenderen for å booke ein prat, blir den henta frå HubSpot, og HubSpot kan då setje informasjonskapslar for sjølve bookinga.

Kven me deler opplysningane med

Me deler ikkje opplysningane dine med andre enn leverandørane som hjelper oss å drive. Dei er databehandlarane våre og kan berre bruke opplysningane slik me har avtalt.

  • Microsoft 365: e-post og filer, lagra i Noreg eller EU
  • HubSpot: kundeoversikt, kontaktskjema og booking, lagra i EU
  • Formspree: kontaktskjemaet på kommunalsektor.no
  • Supabase: databasen for arbeidsromma, lagra i Stockholm
  • Vercel: drift av nettsidene og arbeidsromma
  • Notion og Slack: interne notat, oppgåver og varsel
  • Resend: e-post som arbeidsromma sender
  • Riverside: opptak og redigering av podkastar
  • Spotify for Creators: publisering av podkastane
  • Anthropic (Claude) og OpenAI (ChatGPT): KI-verktøy med databehandlaravtale, utan trening på dataa våre
  • Sanity: innhaldet på nettsidene
  • Substack og Circle: nyheitsbrev og fellesskapet Handlingsrommet
  • Fiken: rekneskap

Nokre av leverandørane har selskap i USA. Når opplysningar blir behandla utanfor EU og EØS, skjer det etter EU sine standardkontraktar (SCC) eller EU–US Data Privacy Framework.

Rettane dine

Du har rett til å

  • få vite kva me har om deg, og få ein kopi
  • få retta feil
  • få sletta opplysningar som me ikkje lenger treng eller må ta vare på
  • få avgrensa bruken eller seie nei til bruk som byggjer på berettiga interesse
  • få opplysningane du har gitt oss, i eit format du kan ta med deg
  • trekkje tilbake eit samtykke når som helst

Skriv til hei@selsengsystaddal.no. Me svarar innan éin månad. Meiner du at me ikkje følgjer reglane, kan du klage til Datatilsynet.

Endringar

Me oppdaterer erklæringa når me endrar korleis me behandlar opplysningar. Sist endra 11. november 2026.