8. november 2026
Leiar før legar
Då Bjarte Reve vart kommunedirektør i Hemsedal, låg sjukefråværet over 11 prosent. I oktober i år var det 3,4. No vil han bruke same arbeidsmåte på noko vanskelegare: å få helse og oppvekst til å jobbe som eitt lag rundt barna. Av Helle Selseng og Joakim Systaddal
Ei god vinterhelg er det 25 000–30 000 menneske i Hemsedal. 2 738 av dei bur der fast. Legekontoret blir nesten ein skadelegevakt, og folk i bygda har lært at skal dei til legen om vinteren, bør dei gå før klokka tolv. Etter det kjem skiskadane.
Me køyrde til kommunehuset i Hemsedal for å snakke med kommunedirektør Bjarte Reve om sjukefråværet. Kommunen har fått nasjonal merksemd og ein pris for arbeidet. Me kom heim med minst like mykje om det han no kallar hovudprioriteten sin: å få kommunen til å jobbe på tvers.
Eit oppdrag frå formannskapet
Då Bjarte vart tilsett våren 2024, gav formannskapet han eit klart oppdrag: Gjer noko med arbeidsmiljøet og sjukefråværet. Fråværet låg over 11 prosent i snitt. I oktober i år enda det på 3,4 prosent.
Det meste av forklaringa hans handlar om korleis sjukefråværet vart ein del av den vanlege drifta i kommunen.
– Ikkje prøv å lage eit sjukefråværsprosjekt. Det vil ikkje fungere. Då ventar folk til det går over.
Prioriteringa kom inn i budsjettet og i handlings- og økonomiprogrammet. Inger Lill Solberg fekk ei heil stilling for arbeidsmiljø og sjukefråvær, med fullmakt frå kommunedirektøren til å gå inn kvar som helst i organisasjonen. Inngangen var arbeidsmiljøet, og slagordet vart «leiar før legar»: Du skal kunne snakke med leiaren din om det som er vanskeleg på jobben før du går til legen.
– Det skal vere lov å vere sjukmeld. Det me er ute etter, er å få bort det me kan gjere noko med.
I episoden fortel Bjarte kva dei gjorde med arbeidsmiljøet i praksis, og kva det har med vaflar på fredagen å gjere.
Lærarane frå Osloskolen
Kommunen har òg snudd rekkjefølgja i «rekruttere og behalde». Først skal dei ta vare på dei som alt jobbar der. Det gjeld mellom anna låg terskel for støtte til meir utdanning, til dømes frå fagarbeidar til pedagog i barnehagen.
Bjarte meiner gjennomtrekken framleis er for høg. Samtidig har ryktet byrja å gå. Kommunen får no søknader frå lærarar i Osloskolen som har høyrt at arbeidsmiljøet i Hemsedal er godt.
– Så det er berre å kome!
Same oppskrift, ny floke
Bjarte har vore leiar på sjukehus og brukar det som bilete. Før sjukehusa vart gode på å jobbe på tvers, gjorde kvar avdeling ferdig sin del og sende pasienten vidare. For pasienten og dei pårørande er det heile opplevinga som tel.
I kommunen kan det same skje med eit barn med psykisk uhelse. Barnet kan bli teke på alvor på skulen og så ikkje få hjelp hos psykisk helse. Då blir familien ein kasteball. Det er det Hemsedal no vil få bort, med eit lag rundt barna og familiane som treng det.
Dei hovudtillitsvalde svarte at dette burde kommunen ha gjort for mange år sidan, og i juni gjorde kommunestyret vedtak om det. Kommunalsjefane var meir uroa. Skulle dei miste ansvar og mynde? I sommar var Bjarte sjølv nær ved å svare med ei ny organisering. Han lét vere etter gode og ærlege samtalar, fordi han meiner kommunen då kunne ha mista folka.
No prøver dei seg fram med eit lag av leiarar frå oppvekst og helse og tillitsvalde, med kommuneadvokaten som nøytral leiar. Det uvande er å jobbe med folk frå ein annan fagtradisjon og eit anna lovverk.
– Me pleier å seie at me er så små at heile kommunen vår er som ei avdeling i Bergen kommune. Så me må klare det.
Sjukefråværet kan kommunen følgje månad for månad. Om eit barn får hjelp tidlegare, kan det ta ti–femten år før ein ser kva det betydde. For Bjarte er svaret å øve: Når organisasjonen trenar på dette kvar dag og kvar veke, blir det ein vanleg måte å jobbe på. Han reknar ikkje med at dei er ferdige i 2026 eller 2027.
Me kjenner det att frå Sogndal
Innbyggjarane i Sogndal passa heller ikkje inn i sektorane våre. Når tenestene ikkje heng saman, er det familien som må halde dei saman. Me har skrive om kven som betaler for det, i «Kven betaler når systemet ikkje heng saman?». Bjarte viser politikarane same rekninga med utanforskapsrekneskapen frå KS: kva eit tiltak for ei gruppe barn kostar, og kva det betyr for resten av samfunnet. Les òg «Kva kostar det å halde fram som før?».
For mange eigne modellar
Bjarte sit i styret i Norsk Kommunedirektørforum. Han meiner kommune-Noreg er for dårleg til å ta kunnskap frå éin stad og bruke den ein annan stad. For ofte brukar kvar kommune millionar og mykje tid på sin eigen variant, og så hamnar den på prosjektkyrkjegarden.
– Kanskje kan me lære noko av Sogndal, Hemsedal, Asker eller Drammen. Dei har gjort noko godt der, så la oss høyre med dei og prøve det ut.
Det er òg grunnen til at me ville ha Hemsedal med i Samfunnsoppdraget. I samtalen fortel Bjarte kva som har verka, og avsluttar med tre råd til kommunar som vil gjere det same.
Høyr samtalen med Bjarte Reve i Samfunnsoppdraget på KommunalSektor.no, Spotify eller Apple Podcasts.
Om Bjarte Reve
Bjarte Gatland Reve har vore kommunedirektør i Hemsedal sidan 2024. Han har bakgrunn frå næringslivet, spesialisthelsetenesta og kommunal sektor, mellom anna som strategidirektør i Helse Sør og dagleg leiar i Oslo Cancer Cluster. Han har master frå BI og Executive MBA frå NHH, og vart i 2026 vald inn i styret i Norsk Kommunedirektørforum.
Om Selseng & Systaddal
Selseng & Systaddal står bak podcasten Samfunnsoppdraget og nettstaden KommunalSektor.no for å bidra til meir deling og læring mellom kommunane. Elles hjelper me kommunar og offentlege verksemder med å byggje styringssystem og organisasjonsformer som svarar på det verkelege oppdraget. Me har sjølv arbeidd med medleiing og styring i praksis i Sogndal kommune.
Ta kontakt dersom de vil lære meir: selsengsystaddal.no
Kjelder: Samtalen med Bjarte Reve i Samfunnsoppdraget, spelt inn 26. oktober 2026. Sjukefråværet for oktober 2026 er stadfesta av Bjarte Reve etter opptaket.
