Samfunnsoppdraget er her
Alle artiklar

Samfunnsoppdraget er her

I dag publiserer KommunalSektor.no velkomstepisoden av Samfunnsoppdraget: Ein samtalepodcast for deg som jobbar i og brenn for at kommunane skal bli betre versjonar av seg sjølve.

Kvifor ein podcast?

Det skjer mykje bra ute i kommunane. Mykje av det vert aldri delt, fordi det ikkje finst ein naturleg stad å gjere det. Mykje av det som blir delt kjem ikkje fram til dei som treng å høyre om det.

Samfunnsoppdraget er eit forsøk på å endre det. Joakim Systaddal og Helle Selseng inviterer kvar episode folk som gjer, tenkjer og utfordrar det etablerte i offentleg sektor. Formatet er ein nedpå samtale, laus i forma, skarp i innhaldet. Gjestane er folk som har noko vesentleg å bidra med og som faktisk har stått i det.

Episode 1: Bjarte Bogsnes

I morgon slepp me episode 1. Gjesten er Bjarte Bogsnes, ein av dei fremste internasjonale stemmene på Beyond Budgeting.

Episoden heiter «Når budsjettet slepp taket». Me snakkar om kvifor den tradisjonelle budsjettprosessen skapar problem for kommunane, kva Beyond Budgeting eigentleg er, og korleis ein kan byrje å gjere noko annleis i ein organisasjon med politisk styring, lovkrav og øyremerka midlar. Me stiller spørsmålet mange kommunedirektørar og kommunalt tilsette kjenner seg att i: Kvar startar ein?

Kvar finn du oss?

Samfunnsoppdraget finn du på denne sida, Spotify og Apple Podcasts. Følg podcasten der du høyrer podcast, så kjem neste episode rett i feeden din.