18. august 2026
Kvifor havnar så mange gode nyvinningar på prosjektkyrkjegarden?
Og korleis kan me vekke dei opp frå dei døde, og lære kva som skal til for å unngå den neste gang? Av Helle Selseng og Joakim Systaddal
Me har snakka med fleire hundre leiarar og endringsagentar i offentleg sektor dei siste åra - i eigen kommune, i andre kommunar i alle slags storleikar og staten. Dei fleste seier det same: viljen er der, arbeidet er godt, og det skjer mykje fornuftig og nødvendig innovasjons- og utviklingsarbeid. Så stoppar det.
Det mest oppsiktsvekkande er at løysingane slett ikkje var dårlege. Men dei møtte ein leiings- og styringslogikk som ikkje er laga for den måten å jobbe på.
I NOU 2026: 6 «Den nye velferdskommunen» finst det ei setning frå forskingsprosjektet SAMVERDI som seier det rrett ut: «Mange kommuner har erfart at samskapingsprosjekter ender på «prosjektkirkegården» når ikke organisasjon og ledelse endres samtidig.»
Det treff den opplevinga som mange sit med. Prosjektet i seg sjølv er både klokt og levedyktig. Men det døyr fordi organisasjonen rundt det held fram som før.
Kva utvalet faktisk fann
Utvalet kallar fenomenet «pilotsjuke», og dei er tydelege på at årsaka ikkje er mangel på initiativ. Kommunesektoren er god til å setje i gang. Problema kjem lenger ute i løpet: «Når insentivene i stor grad belønner oppstart og utprøving, mens ansvar, ressurser og styringsmekanismer for implementering og varig oppfølging er svakere utviklet, oppstår et misforhold mellom innovasjon som aktivitet og innovasjon som faktisk endring.»
Og dei peikar på leiing som flaskehalsen: «Innovasjonsarbeid ofte stopper opp når ledelse ikke er tilstrekkelig etablert for å balansere drift og utvikling, og når ansvar, roller og beslutningsmyndighet er uklare.»
Samtidig dokumenterer dei kvifor leiarane ikkje kjem seg dit. Leiarspennet i kommunal helse og omsorg er så stort at leiarane «i stor grad må bruke tiden sin på stabil drift, akutthåndtering og personaloppfølging – på bekostning av strategisk utvikling, innovasjon og samskaping». Utvalet skriv om leiarar «som i praksis kjemper for å holde hodet over vannet i en krevende driftshverdag».
Me har jobba med mange av leiarar som har det slik. Dei er verken late eller inkomptente som leiarar. Men dei er leiarar i eit system som gjer utvikling til noko ein gjer på fritida, eit system som gir håplause føresetnadar for å lukkast.
To motkrefter me kjenner frå praksis
Me stod i dette sjølve i tre år i Sogndal kommune. Der var innsatsen særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, og det var òg der me såg dei største positive endringane. Men to motkrefter kravde langt meir av dei tilsette og tillitsvalde enn mange tek høgde for.
Den første: ny praksis tek tid, og tid krev tryggleik. Å endre måten ein jobbar på er ikkje noko ein berre bestemmer seg for, det er ein periode der ein øver seg kvar dag på å tenke annleis. Ein periode der ting er klønete, der ein gjer feil, og der den gamle måten framleis kjennest tryggare. Folk treng rom til å kjenne på at noko er nytt og vanskeleg, og dei treng å vite at det er greitt å prøve. Det rommet oppstår ikkje av seg sjølv. Nokon må lage det, og den “nokon” sit høgare oppe enn dei som står i endringa.
Den andre: motstanden kjem oftast frå dei som ikkje er med. Dei som er direkte involverte, ser og forstår kvifor. Dei ser samanhengen, dei har vore med på å forme det. Dei rundt ser berre at nokon får gjere noko anna enn dei andre. Det vil ofte skape uro og misnøye, og det er akkurat like menneskeleg. Den kan ikkje vekkforklarast av prosjektgruppa som støy. Den må svarast ut av leiinga, tydeleg og gjentekne gonger, med kva som gjeld og kvifor.
Begge desse er system- og leiingsoppgåver. Ingen av dei kan løysast av dei som står i endringa åleine, uansett kor dyktige dei er.
Nedanfrå, med støtte ovanfrå
Her ligg det som både NOU-en og erfaringa vår peikar mot: endringa må kome nedanfrå, men den må ha støtte ovanfrå. Ikkje detaljstyring ovanfrå. Støtte.
Dei danske forsøka med velferdsavtalar er det beste dømet me kjenner. Sju kommunar fekk fritak frå nasjonale reglar for å prøve nye måtar å drive barnehage, skule og eldreomsorg på. Evalueringa fann at det meste av det som verka, ikkje kravde fritaka i det heile. Dei tilsette opplevde større fagleg handlingsrom uansett — «at ordningen i seg selv ga et viktig rom for nytenkning».
Myndet var poenget. Ikkje paragrafen.
Utvalet skriv òg at «det juridiske spillerommet ofte er større enn kommunene selv har inntrykk av». Det stemmer med det me ser: dei fleste kommunar har meir handlingsrom enn dei brukar. Sjølv skreiv me søknad til forsøksordninga, for så å få beskjed om at det me etterspurde alt var til stades. Men handlingsrom på papiret hjelper lite dersom ingen har sagt tydeleg at det er lov å bruke det.
Det same gjeld mellom forvaltningsnivåa. Utvalet dokumenterer at statleg styringstrykk har auka, og at kommunane må lappe over statleg sektorinndeling med eigne samarbeidsarenaer og tverrfaglege team. Ein kommune som skal gje folk heilskap, brukar mykje av kapasiteten sin på å kompensere for at staten er delt opp.
Kva som bør skje no
Me trur at kommunesektoren treng ei anna samtale enn den som har vore til no.
Samtalen om kva som er problemet, er ferdig. Det er godt dokumentert, i denne NOU-en og i fem før den. Samtalen om kva som avgrensar oss i teorien, er òg ferdig. Me veit om avgrensingane.
Det me manglar, er samtalen om kva som faktisk er mogeleg innanfor det rommet me alt har, og kva det betyr måndag morgon. Kva sluttar me med? Kven får bestemme kva? Kva skjer når nokon prøver noko og det ikkje verkar?
Det er tre spørsmål ei leiargruppe kan svare på i løpet av ein halv dag. Svara er ikkje vanskelege å finne. Men dei kan vere vanskelege å stå i.
Utvalet skriv at innovasjon ikkje kan vere personavhengig, men må vere «forankret i virksomheten og støttet av strukturer som overlever utskiftninger i ledelse og bemanning». Det er ein grei test på om noko var eit prosjekt eller ei endring: står det seg når den som brann for det, sluttar? Det har me dessverre også sett at kan vere vanskeleg. Heilt uavhengig av om endringa var vellukka eller ei.
Intensjonar er ikkje mangelvare i kommunal sektor. Men omsetjinga til handling har unytta potensiale.
Kjelde: NOU 2026: 6 «Den nye velferdskommunen», avgjeven til Helse- og omsorgsdepartementet 28. mai 2026. Sitat frå kapittel 5.3.2, 5.4 og boks 5.5.
