7. juni 2026
Pilotsykja: Kvifor dei gode løysingane ikkje spreier seg
Av Helle Selseng og Joakim Systaddal
Det står ikkje på tal forsøk i kommunal sektor. Men forsøka stoppar.
NOU 2026:6 «Den nye velferdskommunen» set namn på ein floke dei fleste kommunalt tilsette kjenner på kroppen: «pilotsykja». Me set i gang mykje. Me prøver ut, søkjer midlar, etablerer prosjekt og mobiliserer folk rundt felles utfordringar. Og så, når piloten er ferdig og rapporten levert, skjer det same om og om att: løysinga blir ikkje teken inn i ordinær drift, ikkje forankra godt nok, ikkje skalert og ikkje spreidd. Nytten som var heile poenget, kjem aldri.
Utvalet er tydeleg på kvar skoen trykkjer. Virkemidla i dag er retta mot utvikling, tidlegfasar og pilotering, medan innføring i drift, skalering og spreiing får for lite merksemd. KS sitt innovasjonsbarometer viser at 60 prosent av innovasjonsprosjekta i kommunar og fylkeskommunar er eigenfinansierte. Eitt av innspela til utvalet kallar det rett ut eit «innovasjonsteater»: tilskot til prosjekt og støtte til søknader, men utan plan for kva som skjer dersom utviklingsløpet faktisk lukkast.
To grep som ikkje står mot kvarandre
Utvalet sitt svar er tak i: eit målretta samfunnsoppdrag, eit praksisnært program på 2 milliardar kroner og eit nasjonalt skaleringsfond på ein milliard i året i ti år. Tanken er å ta bort dei uforholdsmessig store kostnadene som i dag bremsar skalering, og gi kommunane tryggleik til å ta i bruk løysingar som krev juridisk avklaring, ny organisering eller investeringar som ikkje passar inn i eit årsbudsjett.
Det er bra. Ei målretta og handlingsretta satsing frå staten vil kunne auke farten, og rydde barrierar som ingen enkelt kommune kan fjerne åleine. Men – og dette er poenget vårt – ei slik satsing må ikkje bli ei orsaking for å vente. Det handlingsrommet kommunane treng for å lukkast med det vanskelegaste leddet, har dei allereie i dag. Og for å vere optimist på nasjonen og kommunane sine vegne: det kan godt hende at det ikkje treng å koste heile programkostnaden. Den er størst så lenge kommunane køyrer på gamle styringssystem.
Innføring i drift er lokalt arbeid
Her er det verdt å lese NOU-en nøye. Utvalet skil mellom tre ledd som heng saman, men som krev ulike ting. Skalering krev nasjonale system og standardisering (sjølv om me har meir tru på inspirering enn standardarar i eit land der knapt to kommunar kan bruke same løysing). Spreiing krev synlegheit, dokumentasjon og opne arenaer for deling. Det er her staten og fellesskapet må på banen.
Men innføring i drift – å gjere ei løysing til ein fast del av arbeidet i éin organisasjon – føreset, med utvalet sine eigne ord, «først og fremst lokal leiing, forankring og støtte til endring». Det er kommunen sitt eige arbeid. Og det er nettopp her dei fleste pilotane må gi tapt.
Utvalet listar opp kva som faktisk får innføringa til å lukkast: tydeleg ansvarleggjering av linjeleiinga, krav om ein innføringsplan før prosjektet startar – ikkje etter, langsiktige midlar, opplæring, involvering av dei tilsette, og eit systematisk arbeid med å hente ut nytten, der måleindikatorar og eit nullpunkt er definerte på førehand. Ingen av desse krev eit nytt statleg fond. Dei krev at ei leiargruppe tek nokre val. Og kanskje også at ein stiller spørsmål rundt kva som faktisk skal til for å endre arbeidsprosessane. Det som let seg planlegge er lurt å ha ein plan for, men for det som ikkje per definisjon kan planleggast, vil planen fort kunne lide same skjebne som sine pilot-forgjengarar.
Det vanskelegaste valet: å slutte
Den hardaste delen av innføring er ikkje å starte noko nytt. Det er å slutte med noko gamalt. Ein pilot konkurrerer alltid med drifta om den same tida, dei same folka og den same merksemda. Når ingenting blir teke vekk, blir piloten ein ekstra ting opppå alt det andre – og då veit me korleis det går.
Difor er spørsmålet ein kommunedirektør bør stille før neste pilot ikkje «kva skal vi prøve?», men «kva skal vi slutte med for å gi dette plass?». Kva rapport kan leggjast bort? Kva møte kan avviklast? Kva budsjettlogikk hindrar oss i å flytte folk dit lærdomen peikar? Kven har vi gjeve mynde og dømmekraft nok til faktisk å endre arbeidet sitt når piloten er over? Dette er udramatisk arbeid. Det gir sjeldan ein festtale. Men det er her skilnaden mellom ein pilot og ei varig endring blir avgjord.
Bygg kapasiteten medan du ventar
NOU-en kan bli ein av dei viktigaste tekstane for kommunal sektor i år. Forhåpentlegvis kjem programmet, fondet og ei meir framoverlent stat. Men det tek tid, og det er Stortinget som avgjer.
I mellomtida er det eitt spørsmål kvar leiargruppe kan ta tak i no: Kva skal til for at den neste piloten de set i gang, faktisk endar som drift? Svaret startar ikkje i Oslo. Me trur heller ikkje at det startar med ein innføringsplan og ein tydeleg eigar i linja. Det er ein logikk som er avgrensa av den same tenkinga som har skapt problema som no skal løysast. Då trur me meir på eit ærleg val om kva ein skal slutte med, og om den tenkinga som har teke oss hit er den same som skal ta oss vidare. Staten kan bidra til å auke farten. Men retninga må kommunane sette sjølv.
