Demografi er eit leiingsspørsmål, ikkje eit statistikkspørsmål
Alle artiklar

Demografi er eit leiingsspørsmål, ikkje eit statistikkspørsmål

Av Helle Selseng og Joakim Systaddal

Det finst knapt ei kommunal leiargruppe i landet som ikkje har sett framskrivingane. Me veit at det i 2030 for første gong vil vere fleire over 65 år enn barn og unge, og at dei første etterkrigsbarna då fyller 85. Me veit at Perspektivmeldinga peikar på 2030 som vendepunktet då utgiftene veks raskare enn inntektene. Kunnskapen har me. Men får den konsekvensar?

NOU 2026:6 «Den nye velferdskommunen» er nøktern her, og det er ein styrke. Biletet er ikkje eintydig. Eldre i Noreg er gjennomgåande friskare enn før – talet på funksjonsfriske levår etter 70 har auka, og det vil ta om lag femti år før Noreg har same delen eldre som Japan har i dag. Det finst altså eit dokumentert handlingsrom. Men retninga er likevel klar: behovet for tenester vil auke, og talet på yrkesaktive per person med behov går ned.

Her er eit viktig poeng. Demografi blir ofte presentert som eit reknestykke. Men eit reknestykke utløyser ikkje handling av seg sjølv. Det som avgjer om ein kommune faktisk omstiller seg, er ikkje om leiinga har sett tala, det er om ein gjer noko med dei. Og det er eit leiingsspørsmål, ikkje eit statistikkspørsmål.

Frå ostehøvel til val

NOU-en peikar på ei felle dei fleste kjenner att: utan tydelege val blir responsen på strammare rammer ostehøvelkutt. Litt mindre overalt, jamt fordelt, smertefritt på papiret. DFØ har peika på det same i staten: budsjettarbeidet evnar i liten grad å løfte dei store, heilskaplege diskusjonane. Resultatet blir endringar i småskala den eine eller andre vegen, ikkje retning.

Demografien tvingar fram noko anna. Når talet på barn går ned og talet på eldre går opp, må ressursane faktisk flytte seg. Det betyr at nokre område skal vekse og andre krympe – og det er leiinga, ikkje statistikken, som må ta den samtalen. NOU-en er uvanleg tydeleg: utvalet meiner tida er komen for å stanse opp, ikkje for å leggje stadig nye oppgåver på kommunane.

Det leiinga faktisk må gjere

Kva krev dette konkret av ei toppleiing? Tre ting.

Først: å eige tala i eigen organisasjon, ikkje overlate dei til økonomiavdelinga eller eit framskrivingsnotat. Ei leiargruppe som har gått gjennom kva demografien tyder for nettopp deira tenester dei neste fem åra, snakkar annleis enn ei som berre har høyrt at «eldrebølgja kjem».

Dernest: å gjere prioritering til ein leiarhandling, ikkje ein budsjetthandling. Spørsmålet er ikkje «kor mykje skal kvar sektor kutte?», men «kva skal vi slutte å gjere, og kva skal vi gjere meir av, fordi behova endrar seg?». Sjansen er stor for at dei største flokane ikkje bur i ein enkelt sektor, kva krevst då? Det er ubehageleg arbeid med tydeleg eigarskap.

Til sist: å byggje omstillingsevne medan ein framleis har litt slakk. NOU-en minner om at den demografisk stille perioden – den vi skulle bruke til å ruste oss – no er over. Dei kommunane som ventar til presset er maksimalt, har dårlegare kort på handa enn dei som handlar no.

Tala er kjende. Det er ikkje vala.

Demografien er ikkje ein som vinden som kjem og går. Me står ovanfor er ei varig endring i kva samfunnet vil trenge frå kommunen. Tala er kjende for alle. Det som skil kommunane frå kvarandre dei neste åra, er ikkje kven som har best framskrivingar. Det er kven som brukar tala for å få konsekvensar i praksis. Det startar i leiargruppa, ikkje i eit rekneark.