Samskaping er ikkje eit prosjekt – det er ei driftsform
Av Helle Selseng og Joakim Systaddal
Samskaping har blitt eit av dei mest brukte orda i kommunal og offentleg sektor på kort tid. Det er både godt og farleg. Godt, fordi det peikar på noko viktig og verkeleg, nemleg at offentlege tenester aldri blir laga av det offentlege åleine. Men farleg fordi ord som blir brukte om alt, til slutt ikkje betyr noko som helst.
NOU 2026:6 «Den nye velferdskommunen» ryddar litt i dette. Definisjonen utvalet lener seg på er nøktern: samskaping er at offentlege, private og sivilsamfunnsaktørar deler kunnskap, kompetanse og ressursar for å løyse eit felles problem, gjennom heile prosessen, frå å forstå problemet til å utvikle og innføre løysinga. Det som ofte blir gløymt, er at partane bidreg utan å ta over det lovpålagde ansvaret til det offentlege. Samskaping er ikkje å skyve oppgåver over på frivillige fordi kommunen manglar folk.
Prosjekt eller driftsform?
Her ligg kjernen. Dei fleste kommunar har drive samskaping som dei driv med prosjekt. Ei avgrensa satsing, med eigen finansiering, ein prosjektleiar og ein sluttdato. Det kan vere nyttig. Men NOU-en og erfaringa viser at samskaping som prosjekt har same svakheit som alt anna prosjektarbeid. Det stoppar ofte når prosjektet stoppar.
Utvalet knyter dette til «den andre samhandlingsreforma», tanken om eit sterkare samspel mellom kommunale tenester og sivilsamfunnet. Utvalet konstaterer nøkternt at potensialet framleis er lite realisert. Mange kommunar involverer frivillige og ideelle som likeverdige partnarar berre i avgrensa grad. Eit sterkt kontrollbehov i tenestene har ofte stått i vegen.
Skilnaden mellom samskaping som prosjekt og samskaping som driftsform er altså ikkje graden av entusiasme. Skilnaden ligg i om kommunen har endra måten ein arbeider på, eller om ein berre har lagt ein ny aktivitet oppå den gamle.
Kva det krev av organisasjonen
Dei fire visjonane for nytenking om velferd i NOU-en (boks 1.1) seier i praksis kva dette krev. Strukturane må gi rom og insentiv til å utforske og hente inn uvande partar. Læring og gjenbruk av gode løysingar må gjerast lønsamt og tilgjengeleg. Og det må vere rom for å prøve, tilpasse og avvikle, med respekt for ansvar og roller, men med meir likeverdige partnarskap.
Omsett til ein kommunal kvardag betyr det fire ting. Makta må faktisk delast, og då blir tillit ein føresetnad for at samarbeidet fungerer. Dei tilsette som møter innbyggjarane, må ha mynde og dømmekraft til å handle på det som kjem fram. Samskapinga må starte medan problemet framleis er ope, ikkje etter at kommunen har bestemt seg for ei løysing. Og resultata må kunne gå inn i ordinær drift, ikkje leve vidare som eit sideprosjekt.
Eitt spørsmål å stille
Spørsmålet ein kommune bør stille er ikkje om «me driv med samskaping?». Det gjer dei fleste. Spørsmålet bør heller vere om «samskaping har endra korleis me arbeider, eller om det framleis er noko me gjer ved sida av alt det andre me gjer?» Det første er ei driftsform. Det andre er eit prosjekt med utløpsdato. NOU-en er tydeleg på at det er det første som trengst.
