28. juni 2026
Nordre Follo planlegg seg ikkje ut av framtida. Dei prøver seg fram
Av Helle Selseng og Joakim Systaddal
Dei fleste i kommune-Norge veit allereie kva som kjem. Fleire eldre, færre hender og budsjett som ikkje strekk til. Problemforståinga er på plass nesten overalt. Det som manglar, er nok handling.
Nordre Follo er ein av kommunane som gjer ganske mykje. Og det dei gjer, er ikkje å skrive endå ein strategi, men å prøve – i vanleg drift, i liten skala, saman med dei som vil – og så dele det dei lærer med kvarandre. Lærdomen er enklare enn ein skulle tru: begynn med noko konkret, og lær av dei som har gått føre.
Eit alvor som ikkje lèt seg planleggje vekk
Bakteppet er kjent, men verdt å seie rett ut. Nordre Follo har om lag 65 000 innbyggjarar og er ein av dei større kommunane i landet. I 2024 gjekk kommunen 37,9 millionar kroner i minus for første gong i kommunen si historie med negativt netto driftsresultat. I 2025 snudde det. Netto driftsresultat enda på 157 millionar, 2,2 prosent av driftsinntektene, så vidt over handlingsregelen kommunen sjølv har sett. Det kom ikkje av seg sjølv, men av tøffe prioriteringar og eit ryddearbeid heile organisasjonen tok på alvor.
Kommunedirektør Øyvind Henriksen er likevel tydeleg på at ein balansert rekneskap ikkje løyser det store problemet. For tala framover er ikkje til å misforstå: mot 2040–2050 doblar delen innbyggjarar over 80 år seg, og i år er det for første gong i norsk historie ikkje fleire som kjem inn i aldersgruppa 20–66 år enn det er som går ut. Reknemodellen som har finansiert velferda med stadig fleire i arbeid, stadig meir skatt, held på å svikte.
«Vi kan ikkje lenger løyse framtida med saksframlegg og økonomiplanar åleine. Vi må snakke om det heile tida», seier Henriksen. Han har eit poeng. Det hjelper lite å bruke pengane klokare om det ikkje finst nok folk til å gjere jobben.
Å prøve i staden for å planleggje
Det Nordre Follo gjer annleis, er ikkje å lage fleire planar. Det er å teste små, konkrete ting i drift og lære av det undervegs.
Dei tok utgangspunkt i oppgåvedeling og starta det dei kallar Fremtidsforsøket, der dei testa i ti dagar i heimetenesta på Langhus og Siggerud i mai 2025. Ikkje eit pilotprosjekt på papiret, men eit levande forsøk i ordinær drift. Kva skjer om sjukepleiarane berre gjer det som krev sjukepleiarkompetanse, og andre tek resten? Samstundes testa dei teknologi med den KI-baserte plattforma Gillie som beslutningsstøtte, sensorar og digitale heimebesøk. Dei brukar ikkje KI-løysinga for å erstatte menneskemøta, men for å frigjere tid til dei.
Måten dei gjekk fram på, er sjølve metoden. «Vi starta i ti dagar, i eitt distrikt, hos nokon som var motiverte. Det er ikkje vanskeleg å få folk med på å prøve i ti dagar», seier Henriksen. Og når dei som var med ser at det fungerer ved at oppgåver kan flyttast, at folk utan helsefagleg utdanning kan bidra og at sjukepleiarane får meir tid til sitt – då spreier det seg. Ikkje fordi leiinga har vedteke det, men fordi nokon såg at noko vart betre.
Forsøket er ikkje lenger berre eit forsøk. Det har vakse til Kommunealliansen, eit samarbeid mellom Nordre Follo, Bydel St. Hanshaugen i Oslo, Lillestrøm kommune og selskapet Nyby. OsloMet leier forskingsprosjektet BRO, «Bærekraftig radikal oppgavedeling i helse- og omsorgssektoren», som nyleg fekk 21,5 millionar kroner frå Forskingsrådet til å følgje arbeidet vitskapleg. 34 kommunar på Aust-, Sør- og Vestlandet er inviterte til å følgje med. Det neste steget kallar dei Jobbfabrikken.
Poenget er ikkje at Nordre Follo har alle svara. Poenget er at dei tek det første steget og koplar det til ei reell utfordring. Om lag 700 000 menneske i arbeidsfør alder står i dag utanfor arbeid, utdanning eller opplæring. Spørsmålet kommunen no prøver å svare på, er om ein kan auke omsorgskapasiteten ved å organisere seg annleis og hente inn fleire av desse, i staden for å tilsetje fleire ein ikkje har.
Fleire spor, same logikk
KI er ikkje ei lausriven teknologisatsing i Nordre Follo. Det er eitt element i eit rammeverk som skal adressere kapasitet, arbeidsdeling, innbyggjarmedverknad og kultur samstundes. Eit anna element er dialogarbeidet med Nobels Fredssenter. Kommunen har gjort massiv intern opplæring i fredssenteret sine dialogprinsipp, og brukar dei no til å starte ein samtale med innbyggjarane om kva dei sjølve kan og vil bidra med. Det er ein samtale kommunen veit må komme: det framtidige velferdsnivået kan ikkje leverast utan at innbyggjarane bidreg meir.
Det som bind dette saman, er ikkje teknologien eller metodane i seg sjølv. Det er ei haldning til kven som skal få lov til å prøve. Kommunealliansen vart ikkje sett i gang frå toppen. Det var tilsette som fann kvarandre, søkte om midlar og kom tilbake med ein modell – utan at kommunedirektøren hadde skrive under. «Vil du ha ein organisasjon som lever, må du som leiar sleppe grepet og løfte fram initiativa – heller vere ein som heiar enn ein som står i vegen», seier Henriksen. Det krev at leiaren ser på seg sjølv meir som historieforteljar enn sakshandsamar.
Det viktigaste: begynn – og lær av dei som har gått føre
Det mest delbare ved Nordre Follo er kanskje ikkje kva dei får til, men at dei deler det. Alt dei lagar, er ope og tilgjengeleg for andre kommunar. Henriksen reiser rundt og fortel om det, og grunngjevinga er nøktern: «350 kommunar kan ikkje finne opp det same hjulet kvar for seg.» I eit land som manglar folk, er det å sitje åleine og famle eit sløseri med kapasitet ein ikkje har.
Og her ligg oppfordringa til alle som les dette frå sin eigen kommune. Du treng ikkje vente på den perfekte planen, eit klarsignal ovanfrå eller ein ny budsjettrunde. Du treng å ta det handlingsrommet du faktisk har, prøve noko konkret og lære av dei som allereie har prøvd. Prøv noko konkret i liten skala og gjerne neste veke. Det finst kommunar som har gått føre, dokumentert arbeidet og opna det for fleire. Terskelen for å byrje har aldri vore lågare.
Henriksen seier sjølv at han skulle teke større rom tidlegare. «Du har eit større handlingsrom enn du trur. Ta det.» Han er ikkje skråsikker på korleis framtida ser ut. Han trur at «det kjem til å gå bra, men kva det blir, får vi sjå». Derimot er han sikker på éin ting: å vente og håpe at nokon andre løyser det for deg, er det einaste verkeleg risikable valet.
Om Øyvind Henriksen
Øyvind Henriksen er kommunedirektør i Nordre Follo, ein av dei femten største kommunane i landet. Han har meir enn 35 års leiarerfaring frå kommunal sektor og har vore kommunedirektør i Nordre Follo sidan 2021. Han er utdanna lærar og har mastergrad i organisasjon og leiing frå Handelshøyskolen BI.
I Nordre Follo har han jobba med ein krevjande økonomisk snuoperasjon, samstundes som han har vore ein aktiv pådrivar for nye løysingar i velferdstenestene. Han står bak satsingar som Fremtidsforsøket og Jobbfabrikken, og leier kommunen si deltaking i Kommunealliansen «Morgendagens velferdssamfunn» – saman med Bydel St. Hanshaugen, Lillestrøm og selskapet Nyby – og forskingsprosjektet BRO, leia av OsloMet.
Meir om arbeidet finn du på nordrefollo.kommune.no.
Om Selseng & Systaddal
Selseng & Systaddal hjelper kommunar og offentlege verksemder med å byggje styringssystem og organisasjonsformer som svarar på det verkelege oppdraget. Me har sjølv stått i omstilling og oppgåvedeling i praksis, i norske kommunar – å prøve konkret i drift og lære undervegs – og kjenner rammene kommunane opererer innanfor.
Ta kontakt dersom de vil lære meir: selsengsystaddal.no
