Kommunane kan ikkje kjøpe seg omstilling
Alle artiklar

4. juni 2026

Kommunane kan ikkje kjøpe seg omstilling

Av Helle Selseng og Joakim Systaddal

Silvija Seres skreiv nyleg i Anskaffelser24 om eit paradoks dei fleste kommunalt tilsette som har prøvd seg på offentleg innkjøp har kjent på kroppen. Teknologien forbetrar seg veke for veke, medan innkjøpsprosessane tek månadar og år. Modellar som var laga for å redusere risiko endar sjølv som den største risikoen. Dei låser organisasjonen til arbeidsformer som alt var utdaterte då kontrakten vart signert. I Noreg går rundt 800 milliardar kroner gjennom dei offentlege innkjøpssystema kvart år, og halvparten av kommunale utgifter går same vegen. Når regelverket strittar imot der teknologien rører seg raskast, har me eit problem.

Hilde Ulvik Hordnes, gründer av Dynamon, har snakka om det same frå ein leverandør sin ståstad. Selskapet hennar har laga ein KI-basert turnusgenerator som no er i bruk i over 40 kommunar. Vegen dit var ikkje enkel. Då eit norsk regionalt helseføretak skulle gå frå pilot til drift, valde dei å forlenge ein 18 år gammal IT-avtale frå 2006 i staden for å lyse ut konkurranse. Eit oppstartsselskap som hadde bygd løysinga saman med kunden, fekk ikkje vere med vidare. Hordnes har sjølv vore tydeleg i bodskapen til helse- og omsorgsministaren: hev terskelverdiane, og lag insentiv for å ta i bruk ny teknologi.

Bodskapen deira samsvarar med det me høyrer kommunane sei sjølv - frå den andre sida av bordet. Innkjøpsregelverket må fornyast slik at det blir mogeleg å prøve seg fram på ein klok måte. Også, og kanskje særleg, der ein ikkje veit fullt ut kva ein eigentleg skal kjøpe. Større rom for dialog, kortare kontraktar i teknologitunge område, fleire pilotanskaffingar og funksjonsbaserte krav vil hjelpe. Det same vil høgare terskelverdiar som lèt små og raske miljø få komme til.

Men her ligg og eit anna viktig læringspunkt: Sjølv om alt dette kjem på plass, vil det berre i avgrensa grad løyse problemet med at offentleg sektor hentar ut for lite av innovasjonsarbeidet sitt. For den verkelege flaskehalsen ligg ikkje hos staten, ikkje hos leverandørane og ikkje i regelverket. Den ligg innanfor den enkelte kommune sine eigne husveggar.

Verdien ligg i arbeidet, ikkje i verktøyet

Som Seres skriv: Verdien i KI ligg ti prosent i data, tjue prosent i teknologi og sytti prosent i organisasjon, leiing og arbeidsflyt. Digdir si Rikets digitale tilstand gir offentleg sektor den svakaste skåren på gevinstrealisering år etter år. Det er neppe teknologien som er for dårleg eller folka som er for late. Problemet er at ein installerer ny teknologi oppå styringssystem som er bygde for noko heilt anna.

For å ta eit døme: Ein kommune kjøper KI-støtta turnusplanlegging, men held fast på årsplanlegging og rigid budsjettstyring som låser personellressursane på førehand. Ein tek i bruk dialogplattformer for innbyggjarane, men har ikkje gjeve mynde til dei tilsette som faktisk møter dei. Ein anskaffar saksbehandlingssystem med innebygde KI-funksjonar, men insisterer på rapporteringsregime som krev manuell etterkontroll i alle ledd. Resultatet blir digitalisering av eksisterande arbeidspraksisar, ikkje den nødvendige redesignen av dei.

Slik bidreg, paradoksalt nok, mange nye teknologianskaffingar til å synleggjere det underliggande problemet: Organisasjonar som ikkje er rigga for å ta den i bruk.

Tre system som er for gamle, og som me har laga sjølv

Den vanlegaste analysen stoppar her, med å peike på kultur og leiing. Me trur det er meir konkret enn som så. Tre styringslogikkar dominerar framleis korleis kommunane jobbar. Alle tre er over hundre år gamle innovasjonar. Alle tre har tent kommunane godt. Og alle tre er bygde på føresetnader som ikkje lenger held.

Byråkratiet er bygt for å fri folk frå å måtte tenkje sjølv, gjennom reglar og rutinar. Hierarkiet føreset at dei klokaste sit øvst, og at dei skal fortelje resten kva som skal gjerast. Budsjettet føreset at framtida er føreseieleg nok til å planleggjast i detalj og fordelast på førehand. Når desse tre møter ein teknologi som først skapar verdi når menneske får handlingsrom, læringssløyfer og fleksibilitet, går det utover gevinsten. Kvar gang.

Det betyr ikkje at desse strukturane skal skrotast. Mykje av det dei løyser er dei framleis eigna til å løyse. Men det betyr at me ikkje kjem unna spørsmålet om kva som skal supplerast, bytast ut og avviklast. Og at det spørsmålet må stillast før, og ikkje etter, dei store teknologianskaffingane vert gjort.

Det vanskelegaste arbeidet: å slutte

Det ein 100% sikkert kan legge til grunn ved utdaterte styringspraksisar er at dei ikkje sluttar av seg sjølv. Me har snakka med hundrevis av kommunale leiarar og tilsette, og høyrer det same frå alle: rapporteringa berre veks. Møtekalenderen veks. Internkontrollen veks. Avviksregistreringa veks. Strategiarbeidet veks. Kvar einaste nye praksis er innført med dei beste intensjonar. Få av dei blir avvikla når dei har overlevd nytten sin, eller kunne ha blitt erstatta av noko meir hensiktsmessig.

Dette er etter vårt syn det vanskelegaste arbeidet ein kommunedirektør og ei leiargruppe må gjere før dei kjøper noko nytt. Kartlegge kva styringspraksisar dei har, kva intensjon kvar einskild praksis har, og kva som faktisk er resultatet i dag. Og deretter ta dei vala som trengst for å slutte med det som ikkje lenger gir meining. Anten det er ein årleg rapport ingen les, eit møte ingen lærer noko av, eit budsjettregime som premierer å halde på ressursar i staden for å bruke dei, eller eit organisasjonskart som hindrar samhandlinga tenestene er heilt avhengige av.

Når dette arbeidet er gjort, er innkjøpsmodellen blitt eit langt mindre problem. Ein kommune som veit kva styringslogikk den faktisk skal jobbe etter, kan langt lettare formulere funksjonsbaserte krav. Ein kommune som har gjeve mynde og ansvar nedover, kan ta i bruk ny teknologi raskt utan å vente på godkjenning gjennom mange ledd. Ein kommune som har bytta detaljbudsjettering med Beyond Budgeting-inspirerte rammer, kan flytte ressursar dit dei gjer mest nytte når lærdomen kjem.

Tre spørsmål før neste anskaffing

Det er all grunn til å lytte til Seres og Hordnes. Innkjøpsregelverket må endrast. Men det største løftet for innovasjonstakten i kommunal sektor kjem ikkje frå staten, og ikkje frå leverandørane. Det kjem frå kommunane sjølv, når dei tek tak i sin eigen styringspraksis.

Til kommunedirektør og leiargruppe som skal kjøpe ny teknologi det neste året: prøv først å svare på desse tre spørsmåla saman:

  1. Kva styringspraksisar har me i dag som vil stå i vegen for å hente ut verdi av denne teknologien?
  2. Kva av desse kan me slutte med før innføringa, ikkje etter?
  3. Og kven i organisasjonen har me gjeve mynde, tid og dømmekraft nok til å faktisk endre arbeidet sitt når teknologien er på plass?

Det er der innovasjonsarbeidet startar. Det er der dei store gevinstane ligg. Og det er det einaste ein ikkje kan kjøpe.