Innovasjonsparadokset
Alle artiklar

Innovasjonsparadokset

Av Helle Selseng, Joakim Systaddal og Bjarte Bogsnes

Kommunane i Noreg har aldri innovert meir enn no. Fire av fem verksemder i kommunesektoren har innført ei eller fleire nyvinningar dei siste to åra, ifølgje KS sitt Innovasjonsbarometer for 2024. Designtenking og smidig metodikk har gjeve kommunane raskare, betre og meir innbyggjarretta arbeidsprosessar. Kunstig intelligens, velferdsteknologi og nye digitale verktøy opnar dører som var stengde for berre få år sidan. Og resultata er ofte imponerande.

Likevel er det noko som ikkje stemmer.

Digdir sin rapport «Rikets digitale tilstand» gjev offentleg sektor svakaste skår på gevinstrealisering. Berre 15 prosent av verksemdene lukkast med å hente ut gevinstane av digitaliseringsprosjekta sine. Talet har gått ned, ikkje opp. Samstundes viser Innovasjonsbarometeret at berre ein av tre kommunar aktivt spreier innovasjonane sine til andre. Også det talet er på veg ned.

Kommunane innoverer i aukande grad kvar for seg. Dei løyser dei same problema mange gangar, på mange stadar, utan å dele og utan å lære av kvarandre. Pilotane lukkast, rapportane vert skrivne, prosjektet vert avslutta. Så tek kvardagen over. Den nye løysinga vert sjeldan teken fullt ut i bruk, og nesten aldri spreidd vidare.

Kvifor?

Forklaringa ligg i det som den smidige styringsmodellen Beyond Budgeting kallar innovasjonsparadokset. Alle elskar innovasjon. Organisasjonar vil gjerne vere heilt i tet, alltid framfor resten. Entusiasmen er stor. Og den er nesten utelukkande retta mot teknologi, produkt, tenester og brukaropplevingar. Teknologiinnovasjon er ein folketett stad, fordi alle held på med det.

Så kjem det interessante: Når det gjeld å innovere på korleis organisasjonen vert styrt og leia, ser entusiasmen ut til å falme. Styringsinnovasjon er framleis ein tynt befolka stad, fordi det for mange framstår skummelt.

I kommunane ser me det same biletet. Det finst knapt ein kommune som ikkje er med i eitt eller fleire innovasjonsprosjekt der teknologi står sentralt. Samstundes er det så godt som ingen som stiller dei same spørsmåla om budsjettprosessane, rapporteringsregima, ansvarsfordelinga, avgjerdsprosessane og korleis folk vert leia i kvardagen. Desse systema har stått nesten urørte i generasjonar.

Konsekvensen er føreseieleg. Ny teknologi vert lagt inn i gamle strukturar. Organisasjonen held fram som før. Insentiva peikar mot å halde på det ein har. Mot å rapportere oppover heller enn å samarbeide på tvers. Mot å følgje reglane heller enn å bruke dømmekraft. Då stoppar det opp. Ikkje fordi teknologien sviktar, men fordi organisasjonen er rigga for å verne om det gamle.

Det bakanforliggande paradokset er endå meir slåande: Der konkurransen er minst og effektpotensialet størst, innoverer nesten ingen.

Her ligg det me meiner er vesentleg: Få innser kor gode nyheiter dette er for dei modige. Det er like stort potensiale å hente frå styringsinnovasjon som frå teknologiinnovasjon. Truleg større. For når styringssystema vert fornya, vert organisasjonen i stand til å ta i bruk alt det andre. Innovasjonstakten kjem på kjøpet.

Vår erfaring frå kommunal praksis stadfestar dette. Når ein vågar å endre strukturar, roller og måten organisasjonen lærer på, skjer det noko med evna til å få gode idear ut i livet. Endring vert ikkje lenger avhengig av enkeltprosjekt eller eldsjeler. Det vert ein del av korleis organisasjonen fungerer kvar dag.

Og det er ikkje for dei få. Det startar ikkje med ei stor og modig avgjerd. Det startar med å invitere inn dei ein har rundt seg og begynne å stille spørsmål. Til systema, til vanane, til det ein alltid har teke for gitt.

Spørsmålet er ikkje om kommunane skal innovere meir. Det gjer dei allereie. Spørsmålet er om dei tør å flytte innovasjonskrafta dit den trengst aller mest.