Dyrk initiativ. Og ver budd på litt styr.
Alle artiklar

Dyrk initiativ. Og ver budd på litt styr.

Det er lett å vere for endring så lenge endringa kjem ferdig pakka, godt forankra og utan særleg mykje uro. Problemet er berre at det nesten aldri er slik verkeleg endring ser ut.

Me har møtt mange som veit at noko må gjerast annleis. Dei kjenner presset. Dei ser at oppgåvene blir fleire, rammene strammare og samanhengane meir komplekse. Dei veit at dei ikkje kjem til å lukkast framover berre ved å springe fortare i dei same spora. Likevel stoppar mykje opp før det eigentleg har byrja. Folk manglar ikkje vilje, men det første steget ofte er det vanskelegaste.

Det er her initiativ kjem inn. For oss er initiativ noko av det viktigaste ein kommune kan dyrke dersom ein faktisk vil skape fart. Det treng ikkje vere perfekt. Det treng ikkje vere ferdigtenkt. Og det treng slett ikkje vere stort. Men det må få lov til å oppstå. Nokon må få stille eit nytt spørsmål, prøve ei anna tilnærming, setje saman folk på ein ny måte eller utfordre ei innarbeidd sanning utan at systemet svarar med å lukke seg rundt det gamle.

Det høyrest kanskje sjølvsagt ut. Men det er det ikkje.

Initiativ er verdifullt fordi det er uferdig

Mange organisasjonar seier at dei ønskjer nyskaping, ansvar og eigarskap. Samtidig er dei bygde for å handtere det motsette. Initiativ bryt med dei rigide strukturane. Det kjem gjerne frå nokon som står tett på problemet. Det oppstår før alt er analysert ferdig. Det er ofte meir prega av dømmekraft enn av tryggleik. Nettopp derfor er det så verdifullt.

Når folk får ta initiativ, skjer det noko med organisasjonen. Problema kjem nærare. Språket blir meir konkret. Avstanden mellom erkjenning og handling blir kortare. Og kanskje viktigast: fleire får erfare at dei ikkje berre er sett til å forvalte ein situasjon, men til å vere med og påverke den.

Det er dette som ligg i medleiing når omgrepet blir brukt i rett samanheng. Det er ikkje eit mjukt ord for mindre leiing, men ei erkjenning av at god styring i dag krev fleire som tek ansvar, fleire som tenkjer og fleire som handlar innanfor tydelege rammer. Kommunar som vil lukkast framover, kjem neppe til å ha råd til å late for mykje av tenkinga og handlingskrafta bli verande på toppen.

Men initiativ trugar også noko

Det er likevel naivt å snakke om initiativ som om alle automatisk vil applaudere det. Me veit det fordi me lenge trudde det. På vegen lærde me at initiativ nesten alltid skapar litt styr. I alle organisasjonar finst det krefter som er tent med at ting held fram som før. Av og til handlar det om vane. Av og til om komfort. Av og til om makt, posisjon eller tolkningsrett. Som oftast handlar det om ei blanding.

Det betyr ikkje at motstanden alltid er vond eller uærleg. Mykje er heilt forståeleg. Folk har investert mykje i måten ein jobbar på. Dei har lært kva som gir tryggleik, kva som gir anerkjenning, og kva som kan utløyse kritikk. Då er det ikkje rart at initiativ som kjem frå sida, nedanfrå eller på tvers, kan opplevast som uroande.

Problemet oppstår når denne uroen får definere kva som er lov å prøve. Då lærer organisasjonen noko heilt anna enn det leiinga kanskje seier høgt. Den lærer at det tryggaste er å vente. At det løner seg å halde tilbake. At dei som stikk hovudet fram, risikerer å bli ståande aleine.

Det er ei dyr læring.

For dei første initiativa i ei endringsreise er ofte skjøre. Dei kjem før ein ny kultur har sett seg. Før nye strukturar er på plass. Før nokon heilt veit korleis dette skal sjå ut. Dersom dei første som prøver, blir møtte med mistenkeleggjering, urimeleg kritikk eller passiv motarbeiding, sender det eit sterkt signal til resten: Dette er ikkje noko for oss. Då kan fort responsen bli at dette ikkje er verdt innsatsen. Og etter kort tid kan ein sitje att med ei organisasjon som i ord snakkar varmt om omstilling, men som i praksis straffar initiativ og dei som prøver.

Det krev meir leiing, ikkje mindre

Her ligg eit viktig poeng for kommunedirektørar og toppleiarar. Å dyrke initiativ handlar ikkje om å sleppe alt laus. Det handlar heller ikkje om å romantisere friksjon eller late som konflikt er eit gode i seg sjølv. Det handlar om å vere tydeleg på kva som skal vernast, kva som skal utfordrast, og kva slags åtferd som skal og ikkje skal få dominere.

Alle må vere inviterte til å ta initiativ. Ingen bør få rom til å øydeleggje andre sine.

Det høyrest enkelt ut, men det krev styringskraft. For når fleire får ansvar og mynde, aukar også behovet for leiing som held fast i retninga, vernar om rammene og står i uroa når den dukkar opp. Dei som framleis trur at opne, undersøkande og involverande prosessar betyr mindre leiing, tek feil. Vår erfaring er det motsette. Dette er noko av det mest krevjande leiarskapet som finst.

For det utfordrar ikkje berre strukturane. Det utfordrar også leiaren sitt behov for kontroll, oversikt og føreseieleg framdrift. Det krev vilje til å stå i at ting kan sjå meir rotete ut ei stund. At ikkje alle er einige. At nokre vil kjenne seg forbigåtte, og andre vil meine det går for sakte. Men alternativet er ikkje ro. Alternativet er ofte stillstand, pakka inn som orden. Og stødig kurs mot framskrivingane.

Kommunar må lære å kjenne att si eiga handlingskraft

Det finst mykje framtidstenking i kommunal sektor. Det finst også mykje frustrasjon. Mange opplever at dei står i eit press som veks frå fleire kantar samstundes. Nettopp derfor meiner me at initiativ er så viktig. Initiativ åleine løyser sjølvsagt ikkje alt, men det er der bevegelsen startar. I den første handlinga. I den første gruppa som får prøve. I den første leiaren som vel å stå bak dei når det byrjar å murre.

All vår læring tilseier at kommunar som vil møte framtida godt ikkje kjem dit gjennom endå fleire planar som lovar kontroll før noko har begynt å bevege seg. Dei kjem nærare ved å dyrke fram miljø der folk opplever at det er mogeleg å handle klokt, saman og undervegs. Det vil sjå ulikt ut frå kommune til kommune. Det skal det også gjere. Men prinsippet er det same: Det som skal bli annleis i morgon, må begynne å røre på seg i dag.

Og ja, då blir det truleg litt styr.

Det er ikkje nødvendigvis eit teikn på at noko går gale. Det kan vere teiknet på at noko endeleg er i ferd med å skje.