24. april 2026
Alle kommunar treng å kople seg tettare på innbyggjarane. Men har me tenkt over kva som faktisk skal til?
Av Helle Selseng og Joakim Systaddal.
Du ringjer kommunen fordi mor di treng meir hjelp. Ho bur åleine, klarer seg stort sett sjølv, men dei siste månadene har du merka at noko har endra seg. Ho gløymer avtalar. Ho et dårlegare. Ho seier ho har det bra, men stemma fortel noko anna.
Du blir sett over til eit sentralbord. Vidare til ei teneste. Fyller ut eit skjema. Ventar. Får eit vedtak i posten. Nokon kjem innom nokre timar i veka. Dei gjer jobben sin. Dei er hyggjelege. Dei går att.
Men det du eigentleg lurte på var om nokon kunne sett det du ser. Om nokon i nærleiken hennar kunne fanga opp at ho trekkjer seg tilbake. Om nokon kunne spørje korleis ho eigentleg har det. Som eit menneske i eit lokalsamfunn. Ikkje som eit tiltak i eit vedtak.
Denne opplevinga er ikkje uvanleg. Det er heller ikkje eit uttrykk for at folk i kommunen ikkje bryr seg. Tvert om. Dei aller fleste kommunalt tilsette er i jobbane sine fordi dei vil utgjere ein forskjell for menneska rundt seg. Problemet er at systemet dei jobbar i sjeldan gir dei rom til å gjere det.
Eit operativsystem bygd for forvaltning
Norske kommunar sysselsett om lag ein halv million menneske. Dei fleste av dei jobbar tett på folk kvar einaste dag. I barnehagar, skular, heimetenester, helsestasjonar, NAV-kontor og fritidsklubbar. Dei ser kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Dei høyrer kva innbyggjarane fortel. Dei kjenner lokalsamfunna på ein måte som ingen plan eller rapport kan fange.
Likevel er dei fleste av desse tilsette organiserte i system som handlar om noko anna. Om å levere definerte tenester innanfor definerte rammer. Om å dokumentere, rapportere og halde seg innanfor budsjett. Om å gjere det ein skal, slik ein alltid har gjort det.
Dei fleste kommunar køyrer framleis på ein variant av New Public Management. Hierarkiske avgjerdsstrukturar der mynde er konsentrert på toppen. Årsbudsjett med detaljar for ei tenkt framtid som avgrensar handlingsrommet. Reglar og rutinar som gjer det tungvint å gjere noko nytt. Alt dette skapar ein organisasjon som er bygd for forvaltning. Heilskap og innbyggjaren kjem i andre rekke.
Og heilskap er nettopp det kommunane treng mest av no.
Eldrebølga kan ikkje løysast av kommunen åleine. Den krev at kommune og innbyggjarar bidreg til gode liv saman. Skulen treng eit tettare samspel mellom heim og klasserommet. Utanforskap og einsemd krev felles innsats mellom dei som jobbar i kommunen og dei som bur i lokalsamfunna. Lokalsamfunna treng heile vifta av innbyggjarar for å bli gode for alle. Lista held fram, lenge.
Ein god start som ikkje er nok
Lat det ikkje vere noko tvil: Det skjer mykje bra. Fleire kommunar har oppretta eigne stillingar og team som jobbar med innbyggjarinvolvering. Digitale plattformar som Nyby og Friskus gjer det enklare å mobilisere frivillige og kople ressursar. Nyby åleine er i bruk i over 40 kommunar og organisasjonar, og hjelper med å sjå bemanning og utanforskap i samanheng med det dei kallar oppgåvebaserte samarbeidsnettverk. Friskus samlar aktivitetstilbod og frivillig innsats på éin stad, og forenklar kvardagen for alle som jobbar med aktivering og inkludering.
I Oslo har nabolagshus blitt møteplassar der bebuarar, frivillige og offentlege aktørar skapar tryggare og meir inkluderande nærmiljø saman. I Stavanger har beboerlyst vist korleis innbyggjarane sjølve kan vere med å forme bydelen sin. I Arendal har kommunen utvikla ein eigen verktøykasse for samskaping.
Alt dette er verdifullt. Prosjektstillingar, dedikerte avdelingar og utprøving av nye arbeidsformer er ein god start. Samstundes veit dei fleste som står i dette arbeidet at det er sårbart. Mykje er personavhengig. Det er utsett for kutt når det manglar pengar eller folk. Sjølv dei aller flinkaste kommunane har berre ei handfull personar som har innbyggjarkopling tydeleg på agendaen sin i arbeidskvardagen.
Ei handfull er ikkje nok når utfordringane krev at heile organisasjonen er kopla på.
Kvart møte er eit grensesnitt
Spørsmålet me bør stille er ikkje berre korleis kommunen kan involvere innbyggjarane betre gjennom eigne prosjekt og avdelingar. Spørsmålet er om kommunen har skapt rom for at den store mengda tilsette kan finne sine unike og lokalt tilpassa grensesnitt til innbyggjarane i sitt lokalsamfunn.
For kvar dag skjer det tusenvis av møte mellom kommunalt tilsette og innbyggjarar. I heimetenesta, i skulen, på helsestasjonen, i barnehagen. Kvart einaste av desse møta er eit potensielt grensesnitt. Ein moglegheit til å sjå meir enn det vedtaket seier. Til å fange opp det som fell mellom tenestene. Til å kople folk med kvarandre og med ressursar i nærmiljøet.
Dei tilsette har kunnskapen og nærleiken. Det dei manglar er mynde, tid og eit system som verdset at dei bruker dømmekrafta si. I staden for å oppmuntre tilsette til å sjå heilskapen i livet til innbyggjarane dei møter, trenar systemet dei til å halde seg innanfor sitt avgrensa tenesteområde. Dokumenter det du skal. Ikkje gjer meir enn mandatet ditt tilseier.
Det er ein dyr logikk. For den gjer at kommunen som organisasjon aldri heilt ser menneska den er til for. Organisasjonen ser brukarar, elevar, pasientar og klientar. Saker og vedtak. Statistikk og rapportar. Men sjeldan heilskapen i eit menneskeliv. Og det er nettopp heilskapen som avgjer om kommunen faktisk lukkast med samfunnsoppdraget sitt.
Det krev eit anna operativsystem
For at ein halv million tilsette skal kunne vere reelle grensesnitt mot innbyggjarane, må noko grunnleggande endrast i korleis kommunane er organiserte. Det handlar om å flytte mynde nærare der jobben blir gjort. Om å erstatte rigide budsjettstrukturar med rammer som gir rom for å gjere det rette i situasjonen. Om å byggje ein kultur der det å sjå litt lenger enn mandatet ditt er noko ein vert oppmuntra til.
Dette er ikkje eit argument for å leggje endå meir ansvar på tilsette som allereie er pressa. Det er eit argument for å fjerne det som hindrar dei i å bruke kompetansen og dømmekrafta dei allereie har. Det er eit argument for eit operativsystem som er bygd for kopling.
Me har sjølv sett at dedikerte frivilligressursar er ein god start. Ein må lære seg andre måtar å jobbe på, måtar som tek utgangspunkt i dei frivillige sin ståstad. Men enkeltpersonane og -gruppene kjem berre eit stykke på vegen. Me lærde òg at det var først når grensesnittet mot frivillige og innbyggjarar vart ein del av måten ein jobba på, ein del av styringssystema, at det kunne det skalere. Og faktisk bety ei endring i skala.
Har kommunane skapt rom for dette? Svaret for dei aller fleste er truleg nei. Viljen ser ut til å vere stor, men systema tillet det ikkje.
Mor di fortener betre. Ikkje berre eit vedtak og nokre timar i veka. Ho fortener eit lokalsamfunn som ser henne. Og dei som jobbar nærast henne fortener eit system som gir dei lov til å gjere nettopp det.
